Hopp til innhold

Slaktar dyr med tvang

Mattilsynet tvangsslaktar om lag 200 storfe og 100 slaktegris frå ein gard på Sola. Bakgrunnen er at Mattilsynet meiner eigaren over lang tid har stelt dårleg med dyra. Saka handlar om at eigarskapet til dyr blir overført til andre for å omgå dyrevelferdslova, seier avdelingssjef Odd Ivar Berget. Eigaren har brote aktivitetsforbodet og dyra har no eigar nummer tre, seier Berget, og Mattilsynet har difor avvikla dyrehaldet i dag.