Hopp til innhold

Her vil dei ha verdspremiere og utekino

Det kan bli utekino på sjølvaste preikestolplatået når den nye Mission Impossible-filmen har verdspremiere i slutten av juli. I alle fall dersom lokale krefter i Ryfylke får det som dei vil.

Preikestolen

Det kan bli ein eksklusiv utekino på Preikestolen i samband med premiera av «Mission Impossible 6». Bilete er tatt dagen før innspelinga på Preikestolen i november 2017.

Foto: Ragnar Egeland

Tom Cruise sette Lysefjorden på hovudet tre dagar i november i fjor, då Hollywood kom til Ryfylke med filminnspeling på Preikestolen.

På det verdskjente fjellplatået blei det spelt inn sluttscenar til «Mission Impossible 6».

27. juli er det verdspremiere på filmen. Og får kinosjefen i preikestolbyen Jørpeland, Roger Nybroen, det som han vil, blir premiere-arenaen heilt spesiell.

– Me håpar å få til ein utekino med superproft utstyr oppe på sjølve preikestolplatået. Det vil gi oss merksemd ikkje berre i Norge, men heile verda. Kanskje Tom Cruise, regissøren og dei andre skodespelarane også vil komma, seier kinosjefen.

«One night only»

Roger Nybroen

Kinosjef i Strand kommune, Roger Nybroen.

Foto: Jens Bjørheim/Strandbuen

Han understrekar at det heile førebels er i planleggingsfasen, men håpet til kinosjefen er å få til utekinoen rundt verdspremieren på filmen i slutten av juli. Noregspremieren er først veka etter, 3. august.

– Eg trur det blir «one night only» med kino på platået, altså at det blir med den eine gongen. Det blir eit stort arrangement og trykkleiken for folk blir førsteprioritet.

Ifølge kinosjefen skal det ikkje stå på utstyret. Kinomaskin, lerret, lydanlegg og straumaggregat kan fraktast til preikestolplatået med helikopter. Sjølve lerretet er det mest realistisk at blir sett opp inn mot fjellsida på platået på grunn av vêrforholda.

Sjå video frå filminnspelinga på Preikestolen i november 2017 med Tom Cruise.

Positiv til forslaget

Kinosjefen viser også til utekinoen på Fløyen i Bergen. Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Audun Rake, er positiv til forslaget.

– Dette er ein fantastisk moglegheit til å visa fram Preikestolen. Eg håpar også dei som styrer med dette ser på dette som ein spanande moglegheit.

Audun Rake

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Audun Rake.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Rake er også positiv til å stilla med vaktmannskap dersom det blir noko av Preikestol-kinoen og fortel at dei har eit godt mannskap om sommaren.

– Me lanserte også ideen til den norske kontakten då dei spelte inn filmen. Dei skulle ta det vidare til Hollywood-produsenten.

Det er det amerikanske filmselskapet Paramount som lagar «Mission Impossible 6», medan United international pictures (UIP) Norge er den norske distributøren.

– Me er positive til forslaget, men må undersøka sjansane for å få dette til, blant anna med Paramount, seier salssjef Kennet Jønsson i UIP Norge.

Det er førebels ikkje sendt ein formell søknad om planane til Forsand kommune, der Preikestolen ligg.

Flere nyheter fra Rogaland