Hopp til innhold

Ingen teken for knivstikking

Politiet i Haugesund har ikkje teke nokon etter at ein mann vart knivstukken på Gard like før midnatt i går kveld. Fleire patruljer har leita utan resultat. Mannen i 20-åra som vart alvorleg skadd, vart funnen av ein forbipasserande. Adressa der knivstikkinga skjedde, er ikkje kjent av politiet frå før, seier operasjonleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt.