Hopp til innhold

Droppar Jærlinja på E39

Vegvesenet vil droppe den såkalla jærlina for ny E-39 over Jæren. Det skriv Dalane Tidende. I staden vil vegvesenet konsentrere seg om den indre traseen frå Moi til Bue. Ordførar Odd Stangeland i Eigersund, seier til Dalane Tidende at han er skuffa. Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at både ytre og midtre korridor båder er lengre og har dårlegare samfunnsnytte enn indre korridor.