Hopp til innhold

Øydela dør på politibil

Ein mann i 40-åra la seg i natt opp i politiet sitt arbeid i Sandnes og det heile enda med at han sparka i stykke døra på ein politibil, melder politiet. Mannen, som nå er innsett i arresten, sette seg til motverje og kom med truande og sjikanerande utsegn mot politiet før dørsparkinga.