Hopp til innhold

Husbrann i Bjerkreim

To personar kom seg ut då eit bustadhus i Bjerkreim tok til å brenne litt over klokka 2 i natt. Litt over klokka halv tre melde politiet om at huset var overtent, men at det ikkje var fare for spreiing av brannen. Vatn til sløkkearbeidet vart henta frå Bjerkreimselva.

Brannvesenet både frå Vikeså og Bjerkreim rykte ut
Foto: Frank Terje Evje Risa