Dato sett for drapssaka på Hellvik
Dalane tingrett har fastsett dato for saka der ein mann frå Hellvik er tiltalt for forsettleg drap på sin eigen bror. Saka byrjar 11. desember og den skal gå over seks dagar. Det var i oktober 2016 tiltalte sin bror blei funnen livlaus og blodig utandørs på Hellvik i Eigersund.