Hopp til innhold

Knivran av eldre kvinne

Ein forbipasserande har meldt frå til politiet om eit knivran av ei eldre kvinne i området ved Soma skole i Sandnes. Knivranet skal ha skjedd om lag klokka 1430 i ettermiddag. Kvinna som skal ha blitt rana har ikkje sjølv tatt kontakt med politiet og dei ønsker derfor kontakt med ho eller andre som kjenner til hendinga.