Hopp til innhold

Kollisjon på Høle

Politiet har teke to menn i 20 åra som prøvde å stikka av etter ein kollisjon på Høle i Sandnes for ein dryg time sidan. Det kom inn melding om ein bil som hadde krasja i eit tre, men då politiet kom på staden var bilen tom. Kort tid etter tok dei to menn, der den eine nå er meld for aktlaus køyring utan førarkort.