Hopp til innhold

Stor avstand mellom stat og fylke

Forhandlingane om kor mykje staten skal bidra med til bygging av vegar, bussveg og andre kollektivtiltak i Rogaland i åra framover, kom ikkje i land i går. Det stadfestar fylkesordførar Solveige Ege Tengesdal. Avstanden mellom staten og fylket og kommunane på Nord-Jæren er ennå så stor, at me treng ein til to veker ekstra, seier Ege Tengesdal.