Hopp til innhold

To leiteaksjonar i Sirdal

Det er sett i gong to leiteaksjonar i Sirdal. Ein mann i 50-åra finn ikkje vegen ned frå området ved Hilleknuten. Det er tett snødrev i området. Ein scooterpatrulje er på veg til staden. Leitemannskap er også sendt inn til området Måkevatn ved Tonstad, der har ein kvinneleg skiløpar i 50-åra gått seg vill.