Hopp til innhold

SV satsar på ukjent 26 åring

Det er 26 år gamle Solfrid Lerbrekk frå Time, som toppar nominasjonslista til Stortinget for SV i Rogaland. Lerbrekk vann kampvoteringa mot Heidi Bjerga frå Sandnes med 33 mot 28 røyster, laurdag. Lerbrekk er utdanna fagarbeidar, men jobbar nå som ungdomssekretær for LO i Rogaland.