Hopp til innhold

Får pengar til Preikestol-beredskap

Fylkesutvalet gir 500.000 kroner til Norsk Folkehjelp for å styrka beredskapen i Preikestol-området. Det blei vedteke i dag. Føresetnaden er at kommunane Forsand og Strand også spyttar i. Fylkespolitikarane oppmodar også staten til å løyve pengar til beredskapsarbeidet.