Hopp til innhold

Bilistar tekne med narkotika

Politiet har i går kveld og i natt teke to bilistar med mindre mengder narkotika på Bryne og Varhaug. Begge er mistenkt for å køyra i rusa tilstand. Mannen (30) som blei teken på Bryne blei stoppa klokka 21, han skal tidlegare på dagen ha vore involvert i eit trafikkuhell. Han hadde ikkje gyldig førarkort. Klokka 02.50 blei ein mann (23) stoppa på Varhaug. Heller ikkje han hadde gyldig førarkort. Politiet har oppretta sak på begge to.