Hopp til innhold

Bil hamna på taket

Politiet rykka i litt over klokka fire i natt ut til Randaberg der ein bil hadde hamna på taket i Kvernervikveien. Føraren skal ha kome greitt frå det, men blei likevel sendt til Stavanger universitetssjukehus. Det skal berre ha vore den eine bilen involvert i trafikkuhellet.