Hopp til innhold

Mann alvorleg skadd på Karmøy

Ein mann er slått ned på Sevlandsvik på Karmøy. Mannen skal ha fått skader i hovudet, opplyser politiet. To menn er tekne av politiet. Luftambulansen hentar den skadde mannen. Dei involverte tilhøyrar eit rusmiljø, ifølge politiet, som gjer undersøkingar på staden.