Hopp til innhold

Køyrde 89 km/t. over fartsgrensa

Ein mann i 20-åra er i Dalane tingrett dømt til 45 dagar fengsel og tap av førarretten i 34 månader etter han blei målt i 169 kilometer i timen i 80-sona i Bjerkreim. Farten som blei målt var så høg at politiet gjennomførte etterkontroll av lasermålaren, som viste at den fungerte fint. Sjølv meiner den dømde mannen at han berre køyrde i 130 kilometer i timen.