Hopp til innhold

Trafikkulukke på Bråstein

Ein person er fastklemd og det blir meld om røykutvikling etter at ein bil har køyrd av vegen på Bråstein i Sandnes. Naudetatar blei kalla til staden. Føraren av bilen skal ha køyrt i eit tre ifølge vaktleiar i brannvesenet Sør-Rogaland, Jan Bryne.

- Han sat fast og forskremt i bilen og måtte hjelpast ut av brannveseenet. Nå har helsepersonell teke over, seier operasjonsleiar Trygve Ravndal i Sør-Vest politidistrikt til NRK. Han kan ikkje seia noko om skadeomfang og årsaker til hendinga.

Ulukke ved Bråstein
Foto: Ronny Hjertås