Hopp til innhold

Innbrot i kontorbygg på Lura

Politiet har i natt fått melding om innbrot i ein brakkerigg med kontor i Gamle Stokkaveg på Lura i Sandnes. Politiet har vore på gjerningsstaden for å sikra spor, men det er framleis uvisst kva tjuven har fått med seg. Dei har også søkt etter gjerningspersonen, men så langt utan hell.