Hopp til innhold

Slåstkamp på kjøpesenter

Politiet fekk i dag melding om ein mann som slåst med dei tilsette på ein butikk inne på Aksdalsenteret i Tysvær. Lensmannskontoret i Aksdal ligg på same senter så lensmannen sjølv gjekk ned og fekk ordna opp i situasjonen. Ingen personar blei skadde i hendinga.