Hopp til innhold

NOK EIT MINEFUNN PÅ ÅKRA:

Forsvaret skal i dag vurdera det moglege minefunnet som blei gjort av ein turgåar på Åkrasanden på Karmøy i går ettermiddag. Det er gjort fleire funn av miner som stammar frå andre verdskrig ved Åkrasanden dei siste åra – og dersom dette viser seg å vera nok ei mine, er det forsvaret sin jobb å fjerna den. Politiet har sperra av området der den mineliknande gjenstanden ligg, og dei ber publikum om å respektera sperringane.