Hopp til innhold

ULYKKESÅRSAK IKKJE KLAR

Det vil ta tid å slå fast årsaka til ulykka på E-39 i helga i Rennesøy der to menn i 20-åra omkom. Det seier lensmann ved Ryfylkeøyane lensmannskontor, Rolf Kant. Lensmannen ventar på dei siste opplysningane for å slå fast frå kva retning dei to bilane som kolliderte front mot front, kom frå. Han reknar også med at det vil ta fleire dagar før den tekniske rapporten er klar som kan seie noko om tekniske feil med bilane. Også statens havarikommisjon for transport arbeider med å finne årsaka til ulykka.