Hopp til innhold

NY LEKKASJE PÅ KÅRSTØ:

Klokka 04.10 i natt blei det meldt om ein ny gasslekkasje på Kårstø, det skriv Haugesunds Avis. Lekkasjen skal ha vart i 18 minutt før den blei stoppa. Ingen på anlegget blei evakuerte, men leiinga ved Kårstø opplyser om at dei tek saka alvorleg. Det er litt mindre enn to veker sidan førre gasslekkasje på Kårstø.