Hopp til innhold

SLO OG TOK KVELARTAK:

To menn blei i natt tekne av politiet i Stavanger etter dei skal ha slått og teke kvelartak på taxisjåføren som køyrde dei til byen. Taxisjåføren, ein mann i 40-åra, har vore inne til avhøyr. Han kom frå hendinga utan synlege skader. Dei to mennene på 19 og 25 år sit nå i arresten, og skal inn til avhøyr seinare i dag.