Hopp til innhold

FISKA HUSNØKKEL OPP AV BOSSDUNK:

Ei uheldig kvinne mista husnøklane sine i ein nedgraven søppelcontainer på Madlamark i Stavanger i går kveld. Brnanvesenet rykka ut, og gjennom ei sidedør på containeren fekk dei fiska opp nøklane til den glade kvinna. – Det hender frå tid til annan at me får denne type oppdrag, folk held nøklane i handa og slepp dei samstundes som dei slepp bosset, seier vaktkommandør Bjørn Tollefsen i Rogaland brann og redning.