Hopp til innhold

FLEIRE STRAUMBROT I DALANE:

Om lag 100 abonnentar er utan straum i Jøssingfjorden og i Hetlandsheia i Dalane. Dalane energi melder om at dei har to feil på straumlinjene. Sterk vind gjer arbeidet med å retta feilen i Jøssingfjorden utfordrande, og det er ikkje forsvarleg å arbeida der slik vinden er no. Dalane energi vurderer å setja inn eit aggregat om vinden ikkje stilnar. I Hetlandsheia reknar dei med å retta feilen innan klokka 17.