Hopp til innhold

PALLEBRANNEN ER SLØKT:

Klokka 03.15 i natt var pallebrannen i Gauselvågen i Stavanger sløkt og brannvesenet ferdig med ettersløkkinga. Det var torsdag ettermiddag klokka 17.15 at det byrja å brenna i ein haug med pallar og anna trevirke på Norsk gjenvinning sitt anlegg. Brannvesenet fekk kontroll over brannen litt før klokka 20.

Store mengder røyk stig opp frå Gauselvågen torsdag kveld. Årsaka er brann i ein svær haug med pallar.

Fleire hundre tonn pallar stod i full fyr

Brannvesenet var ferdig med sløkking og ettersløkking av pallebrannen i Gauselvågen i Stavanger klokka 03.15 i natt. Store mengder røyk steig opp, og naboar vart rådde til å lukka att vindaugo.