Hopp til innhold

TAUFERJA I NESTENKOLLISJON:

Tauferja heldt i dag tidleg på å kollidera med ein fritidsbåt på om lag 30 fot. Det var reiarselskapet Norled som varsla politiet om at dei måtte gjera ein unnamanøver ved Bybrua for å ikkje krasja med fritidsbåten. Etter hendinga la føraren av den vesle båten til i vågen i Stavanger, og politiet har teke han med seg til legevakta for å ta blodprøvar. Dei mistenker at han har ført båten med for høg promille.