Hopp til innhold

KØYRDE MOPED INN PÅ SJUKEHUS:

Ein person har i ettermiddag køyrt moped inn på Haugesund sjukehus, skriv Haugesunds Avis på nett. Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.26. Han skal ha hatt noko som likna på eit våpen med seg, og køyrt inn på apoteket. Det kan vera snakk om eit ransforsøk, men mannen fekk ikkje med seg noko. Mannen blei teken klokka 14.10, på adressa si i Haugesund sentrum.