Hopp til innhold

STOLNE BÅTAR:

Politiet i Stavanger ber publikum om hjelp etter to båtar blei stolne frå Nedre Tastasjøen tidlegare i dag. Det er ein 17 fots Yanmarin motorbåt, med ein mindre Askeladden på slep, som har forsvunne frå båtplassen. Politiet har søkt etter båtane i tastaområdet utan hell, og nå vil dei ha tips frå publikum.