Hopp til innhold

VASSLEKKASJE PÅ KLEPP:

Brannvesenet måtte klokka halv tre i natt rykka ut etter melding om brot på ein vassleidning i Viervegen i Klepp. Store vassmengder kom opp frå ein plen. Brannvesenet fekk stoppa lekkasjen, og det skal berre ha kome vatn inn i ein kjellar.