Hopp til innhold

GUT PÅKØYRD PÅ KARMØY

Ein sju år gamal gut vart påkøyrd ved Statoil-stasjonen på Sevland på Karmøy om lag klokka 16.30 i ettermiddag. Bilen som trefte guten hadde låg fart. 7-åringen kom frå det med skrubbsår, og vart køyrd heim av ambulansen, opplyser politiet.