Hopp til innhold

-Me blir like glade kvar gong!

Det er ikkje uvanleg at kreftavdelinga for barn får pengegåver, men det er ikkje kvardagskost at det er eit sykkellag som donerer pengane.

Kreftavdelingen fikk 40 000 kroner
Foto: John Gunnar Skien / NRK

– Me er veldig takknemlege, seier avdelingssjukepleiar Heidi Utvik på Stavanger Universitetssjukehus. I dag fekk ho sjekken på 40.000 kroner.

Trent gratis – nesten


Team Velux Isola Leca stiller med 200 syklistar i Nordsjørittet. Laget består av tilsette frå fleire bedrifter i byggjebransjen. I vinter har dei trent gratis på treningssenter. Bedriftene har tatt rekninga. Skjønt gratis. Pengane syklistane har ”spart” har dei samla inn. Totalt har det blitt 40.000 kroner som kreftavdelinga for barn på sjukehuset i dag fekk overrakt.
-Me vil jo gjerne vera med og bidra til samfunnet, seier Marton Digernes frå Velux. Enkelte meinte kanskje at pengane burde donerast til akuttavdelinga, flirer Digernes.

Pengane går til trivselstiltak


Sjukehuset pussar opp ein del rom til kreftsjuke barn akkurat nå. Pengane skal brukast til å gjera det ekstra triveleg for ungane. -Nå har me pengar til å kjøpa fine møblar, men me vil også bruka ein del på aktivitetar og premiar til ungar som har vore gjennom ei tøff behandling, fortel Utvik.

Sender stafettpinnen vidare


-Det styrkar faktisk lagfølelsen å bidra til veldedige formål, seier Marton Digernes. Han oppfordrar derfor andre store bedrifter som skal delta i Nordsjørittet til å tenka i same bane!