Hopp til innhold

-Ikkje for lang pause!

Ikkje ta for lang treningspause i påsken. Tren alternativt, tilrår treningsekspert.

Skitur
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

- Noen dagar med avslapping går fint, men viss du ligg i sofaen i to veker, blir du sett langt tilbake, seier Leif Inge Tjelta.

Tjelta er førstelektor i idrett ved Universitetet i Stavanger, og ein av dei fagansvarlege for mellom- og langdistanse i friidrettsforbundet.

Han har skrive bøker om både uthaldenheits- og styrketrening.

Leif Inge Tjelta
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Ski i staden for sykkel

Er du på påskeferie og ikkje får trent på sykkelen, er det inga krise. Du kan finna på andre ting.

- Er du i fjellet kan du gå på ski. Det er god trening, slår Tjelta fast. Viss du er på storbyferie kan du jogga eller gå. Det er betre å trena alternativt, få opp pulsen over kvilenivået, enn å kutta ut all fysisk aktivitet i påsken.

Går på stranden
Foto: www.colourbox.com

Magisk grense

Dersom det ikkje passar, skal du ikkje ha dårleg samvit om du lar vera å trena noen dagar.

– Viss du vanlegvis trener tre-fire gonger i veka, betyr ikkje ei treningsfri veke så mye, seier Tjelta, sjøl om det beste er å halda muskulaturen jamnleg i sving. Men går det to veker, er saka ei anna. Då risikerer du å bli sett opptil fire veker tilbake reint treningsmessig.

Sørg for å sykla langt

-Alle som skal sykla Nordsjørittet bør ta seg ein del langturar, meiner treningseksperten. Då venner du deg til å sitta lenge på setet, og muskulaturen må jobba lenge. Dette går lettare og lettare når du har gjort det noen gonger.