- Eg reknar med at me held på fram til midten av mai, seier Barvik.
Då blir nasjonalbudsjettet revidert og Barvik fortel at rennfastaksjonistane får svar på kva som skal gjerast med til dømes ferjeutløysingsmidla.
Bilistane kunne passera bomstasjonen på Sokn gratis i to timar i går. (Arkivfoto NRK)
Handlar om ytringsfridom
Og Barvik syns ikkje det gjer noko at aksjonen er ulovleg.
- Det handlar om ytringsfridom, seier han. - Det er ulovleg å krevja inn desse bompengane óg meiner me.
Mellom 100 og 150 personar møtte opp i vegkanten framfor bomstasjonen til Rennfast på Sokn i går klokka halv fire. Dei sette deretter registreringssystemet ut av funksjon, slik at alle med autopassbrikke passerte gratis.
Samanliknar Navarsete med Quisling
I tillegg blei det sett opp protestplakatar. Der mellom andre samferdselsminister Navarsete si avgjerd om å fortsetje innkreving av bompengar etter at Rennfast var nedbetalt, blei samanlikna med Quisling si handling den 9. april.
- Du kan sei det er eit svik mot alle bilistane i heile Norge, seier Sigurd Barvik om det han meiner er ei prinsippiell sak.
- Dei tek pengane der det er mest trafikk, men brukar dei rundt forbi der det passar dei best, meiner han.
Politiet nøydde seg med å passa på trafikksituasjonen, medan det til slutt var Vegvesenet som måtte komme for å setje registreringssystemet i gong att.