Eit samrøystes medlemsmøte sa i går at nominasjonsprosessen i Rogaland har vore udemokratisk. To og ein halv time brukte dei 25 frammøtte medlemmene på å bli einige. Absolutt alle meinte at Høybråten fekk førsteplassen på KrF sin liste i Rogaland gjennom ein svært uheldig og grovt udemokratisk prosess.
Dei ga dermed full støtte til lokallagsleiar Kåre Bakkevold, som truga med å trekka seg om ikkje medlemsmøtet støtta han.
Likevel vert kampen mot Høybråten trappa ned fram mot det endelege nominasjonsmøtet.