Hopp til innhold

- Skulle ha reagert tidlegare

AF Decom, som røykla store delar av Vatsfjorden tysdag, får kritikk frå Fylkesmannen.

Utslipp AF Decom
Foto: privat

- Etter at røykutviklinga blei konstatert skulle arbeidet med skjærebrennarane vore stansa umiddelbart, seier fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen.

Tysdag røykla opphøggingsverksemda AF Decom i Haugesund store delar av Vatsfjorden då dei kutta opp ein gamal oljeinstallasjon ved hjelp av skjærebrennarar.

Les også: - En livsfarlig cocktail av miljøgifter

Får halda fram med den ordinære drifta

Kritikken frå Fylkesmannen får likevel ikkje konsekvensar for den ordinære drifta til AF Decom.

- Dei får framleis halda fram med det arbeidet dei har løyve til i Vats, seier Sundsvik Bendixen.

Ikkje nasjonale krav

Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen er så langt ikkje kjent med kva stoff som var i lufta då Vatsfjorden blei røyklagd. Men dei er kjent med at skjærebrenningsmetoden også er brukt andre stadar i landet.

- Men det er ikkje sett nasjonale krav til slikt arbeid. Derfor hadde me heller ikkje eigne krav til dette anlegget. Dessutan er det vanskeleg å regulera utslepp som føregår utandørs.