- Me har sett tilfelle i fagbevegelsen der kvinner blir brukt som betaling for gode jobbar, fortel Bersås.
- Tilsette har fått prostituerte som premie, og folk har blitt lokka på protistuerte for at nokon skal få noko på dei.
Rolf Bersås vil seie opp dei som kjøper seksuelle tenestar. Foto: Helge Hundeide/NRK
Fleire kjøper sex
Som tillitstvald for LO reiser Bersås mykje mellom dei største byane.
- Kjøp av seksuelle tenestar skjer meir openlyst no enn før, har han erfart.
Han seier óg at fleire kjøper seksuelle tenestar og at det skjer oftare enn før.
- Sjølv har eg sett at folk tek med seg jenter på hotell, for sidan å droppe dei som om dei var søppel, fortel han.
Får støtte i lovforslaget
No vil Bersås ha eit forbod i norsk lov mot kjøp av seksuelle tenestar. I det får han støtte frå dei andre lokallagsleiarane i dei største byane.
- Forbodet må inn i arbeidskontrakten og eit brot må føre til oppseiing, meiner Bersås.
Han trur ikkje at dagens system med bøter er godt nok, og vil at LO-systemet skal gå lenger.
- For tilsette i LO systemet bør det vera grunn til oppseiing å kjøpa sex, medan det for tillitsvalde bør vera ein eksklusjonsgrunn.
Viktig at menn reiser debatten
Dei to siste åra har utanlandske prostituerte strøymt inn i landet. Mange er ofre for menneskehandel som idag utgjer den nest største kriminelle handelen i Europa. Ansvarleg for likestilling i LO, Trine Lise Sundnes seier det er prisipielt viktig at menn reiser denne debatten.
- Det gir eit veldig viktig signal til dei som kjøper seksuelle tenester, seier ho.
- Forbod mot kjøp av seksuelle tenestar er viktig som eit av fleire tiltak som må setjast i verk.