I går presenterte Prosessindustriens Landsforening ein rapport frå GassTek, som fortalte at det er mogleg å reinsa CO2-utsleppa frå gasskraftverket på Kårstø for 184 kroner per tonn CO2, mot 400 kroner per tonn med dagens teknologi.
Jan Tore Sanner er glad for at forskinga går framover, men vil likevel bygga gasskraftverk no. Han meiner det er god miljøpolitikk å bygga gasskraftverk.
- Alternativet er forureinande kolkraft, derfor får vi i pose og sekk ved å bygga gasskraftverket på Kårstø. Vi får meir kraft, vi får rein kraft og vi bevarer arbeidsplassene, seier Sanner.
Fryktar for arbeidsplassane
I går besøkte Sanner både Kårstø, Hydro Aluminiumsfabrikk på Karmøy og Vetco Aibel. Han meiner at arbeidsplassar kan gå tapt om ikkje bygginga av gasskraftverket vert sett i verk no.
SV har tidlegare sagt at dei vil stansa bygginga av eit Kårstø-kraftverk utan CO2-reinsing, om dei kjem i regjering. Arbeidarpartiet er einige med Sanner i at gasskraftverkplanane ikkje må forseinkast.
Like fullt fryktar Sanner at det kan bli full stans i gasskraftverk-planane om det blir eit regjeringsskifte etter valet. Han meiner det kan trua tusen arbeidsplassar på Haugalandet.
Utbyggar Naturkraft seier at dei vil bygga eit kraftverk utan CO2-reinsing, men at eit reinseanlegg enkelt kan koplast til seinare.