NRK Meny
Normal

- Lyse har skjult agenda

Full forvirring om kor lenge sjøbaserte vindmøller skal driftast.

Vindmøllepark

Det er planar om å setja opp vindmøller i sjøen i fleire kommunar i Rogaland.

Foto: Illustrasjon: LYSE

Lyse Energi søkjer gjennom sitt underselskap Lyse Produksjon om å setja opp vindmøller i sjøen utanfor Karmøy, Rennesøy og Kvitsøy.

I søknaden skriv Lyse at dette gjeld eit demonstrasjonsanlegg som skal fjernast etter fem år. Men i eit notat til konsernstyret i Lyse, står det at vindmøllene skal driftast i 20 år.

- Ført bak lyset

Dette visste ikkje Karmøy kommunestyre noko om då dei sa ja til søknaden sist veke.

- Styret i Lyse har ført heile befolkninga som er imot dette anlegget bak lyset. Dette er veldig alvorleg, seier Kåre Bakkevold (KrF).

- Heilt naturleg

Også kommunestyret i Rennesøy har behandla saka. Men sidan ordførar Ommund Vareberg (H) er varamann til styret i Lyse Energi, har kommunen fått innsyn i dei totale vindmølleplanane til energiselskapet.

- At Lyse tar opp muleg etterbruk av anlegget i si orientering til konsernstyret er heilt naturleg, meiner varaorførar i Rennesøy, Ivar Finnesand (Sp).

Lyse avviser kritikken

Også Lyse avviser at dei spelar med skjulte kort.

- Det kan godt vera me burde handtert denne saka annleis. Men dersom kommunane vil ha vindmøllene lenger enn fem år, vil det bli ei separat sak, seier direktør i Lyse Produksjon, Arne Aamodt.