Hopp til innhold

- Kom deg ut, men ikke overdriv

- Så lenge det ikkje er glatt på vegane er det bare å komma seg ut og sykla. Kle deg godt og ikkje overdriv treningsmengden i starten, seier tidlegare proffsyklist, Svein Gaute Hølestøl.

Svein Gaute Hølestøl
Foto: Karine Næss Frafjord / NRK

Med fortid som proffsyklist i både Danmark og Tyskland veit Hølestøl kva han snakkar om.

Som aktiv deltok han i OL to gonger - og har totalt fire NM-gull. Frå 2000 til 2006 var han sportssjef i Norges Cyckleforbund.

Ta det roleg

- Ikkje overdriv i starten. Éin time ute på sykkelen kan vera nok - ein gong eller to i veka, seier Hølestøl.

Ut på tur med sykkel
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Deretter kan treningsmengden aukast utover våren. Klarer du å sykla eit par timar er det ei fin økt.

Når Nordsjørittet nærmar seg er det nok lurt å komma seg ut 3-4 gonger i veka.

Grus eller asfalt?

Dei som skal sykla Nordsjørittet må vera klare over at dei må sykla mye på grus, men me treng ikkje trena på eit slikt underlag heile tida, meiner Hølestøl.

- Det viktigaste er å sykla, men gjerne i kupert terreng av og til.

Dropp trusa!

Truser og lange sykkelturar er ikkje lurt. Sømmane kan bli veldig ubehagelege etter noen timar på sykkelsetet, derfor meiner den tidlegare proffsyklisten at innkjøp av ei skikkeleg sykkelbukse er ei god investering.

Og dropp trusa. Oventil kan ull- eller superundertøy og ein vindstoppar-jakke gjera susen og sykkelturen trivelegare