NRK Meny
Normal

- Klønete av politiet

Ein person er sett fri etter å ha site i varetekt sidan razziaen ved Dale Mottak. Advokaten hans meiner han aldri skulle blitt pågripen.

Politiet måtte ta seg inn på utradisjonelt vis
Foto: Rolf Marnburg / NRK

Seks personar er allereie sendt ut av landet etter politiet sin storaksjon mot Dale Asylmottak onsdag.

Politiet aksjonerte med store styrkar for å finne personar som oppheldt seg ulovlig i landet.

- Sett fri

Ein av dei som vart pågripne var ein mann frå Burundi. Han vart fredag sett fri fordi politiet ikkje hadde grunnlag for å fengsle han.

- Klønete

Advokat John Stenseth representerer mannen. Han seier klienten hans aldri skulle vore pågripen.

- Politiet har opptredd på ein utruleg klønete måte. De vekte mannen med lommelykt og tok han med seg. Dette hadde dei ingen grunn til.

Mannen har fått negativt vedtak på sin asylsøknad frå UDI. Dette er påklaga og det er gjeve utsett iversetting av vedtaket.

- Dette er normal prosedyre og tilfelle for 90 prosent av dei som søker om asyl. Det var ikke grunnlag for å pågripe min klient på det noverande tidspunkt, seier Stenseth.

Fleire fengsla

Av dei tolv som vart pågripne i onsdagens aksjon, er fleire no fengsla, seier politiadvokat Øystein Poulsen.

- Torsdag vart ein frå Afghanistan og Usbhekistan fengsla. Ein tyrkar og ein frå Niger blir framstilt i Oslo fredag, og i Sandnes vil ein Algirer bli fengsla fradag, seier han.

Allereie sende ut

To familiar på tilsaman seks personar er allereie sende ut av landet, deriblant ein småbarnsfamilie frå Ukraina.