Han understreker at dei ikkje stoler på Røkke sine planar, og at dei vil ha ei aksjesamansetning der han ikkje vert favorisert.
Kjell Inge Røkke kan nemleg komma til å stemma mot ein emisjon i Kværner som Aker Maritime ikkje tek del i. Som hovudaksjonær med ein eigardel på 17,8 prosent i kriseråka Kværner kan Aker med det stoppa ei eventuell aksjeutviding.
Røkke krev ein eigardel på 40 til 60 prosent, og seier det ikkje er urimeleg å stilla krav for å skyta inn meir pengar.
Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet Ranveig Frøyland frå Hordaland oppmodar Røkke om å halda seg i ro og slutta seg til styret si avgjerd, og Einar Risa oppmodar no Rogalandspolitikarane til å koma med liknande utspel.