Dei tiltalte må gå med fotlenker 10 timar kvar dag.
I ettermiddag sendte forsvararen til Ridvan Halimi, Trygve Staff, brev til Stavanger fengsel der han klagar over soningstilhøva for sin klient i fengslet.
Staff meiner det er nedverdigande at dei tiltalte blir kledd nakne kvar gong dei skal ut eller inn i fengslet.
Han klager og på at dei NOKAS-tiltalte må med fotlenker 10 timer kvar dag, og at dei blir flytta frå celle til celle heile tida.
-Ikkje nedverdigande.
-Eg er uforståande til uttrykket nedverdigande, seier fengselsdirektør Ingeir Klemetrud i Stavanger Fengsel.
Advokat Trygve Staff reagerar.
Klemetrud peikar på at det dei NOKAS-tiltalte opplever, er restriksjonane som følger av at retten har bestemt at dei skal site i isolasjon.
-Det er eit strammare regime enn det ein er vant til, men regimet er tilrettelagt og bestemt av domstolen, som i alle andre sammenhenger under varetektsfengsling, seier Klemetrud.