Hopp til innhold

- Fullt muleg med lyntog-bane

Rapporten om lyntog-bane som blei lagt fram onsdag, viser at det er fullt muleg å bygga høgfartsbane for tog i Norge, meiner Hallgeir Langeland (SV).
 

Utgreiinga slår mellom anna fast at dersom det skal bli bygd lyntog-bane i landet, er det strekninga Stavanger-Oslo som bør byggast ut først.

- Dette viser at prosjektet er fullt muleg dersom det er politisk vilje til dette, meiner Langeland.

Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner derimot lyntog-bane er feil bruk av pengar. Prislappen er omlag 1.000 mrd kroner.