I følge Statoil er det forskjell i timepris som var årsaka til at Aker Kværner Rosenberg tapte Snøhvitkontrakten.
Oljepolitisk talskvinne i Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, ber regjeringa straks gjera greie for konkurranseforskjella mellom utanlandske og norske offshoreverft.
Ordførar skuffa
Ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, er svært skuffa over at Rosenberg tapte Snøhvit-kontrakten.
Sevland seier han håper Statoil kan leggja fram bevis for at Dragados ikkje er subsidiert.
Han vil no at norske styresmakter tar ein full gjennomgang av desse sakene.
Dragados er det same verftet som Kværner Egersund tapte kontrakt til i fjor.
- Uheldig tildeling
Olje og energiminister Einar Steensnæs seier at tildelinga av Snøhvit-kontrakten til Dragados er svært uheldig for den norske verftsindustrien, og spesielt for Kværner Rosenberg.
Men Steensnæs seier og at Statoil har gått grundig til verks, og trur ikkje det har forgått ulovleg subsidiering.
-Statoil forsikrar meg om at dei ikkje kan se at det foreligg noko form for ulovlege subsidier som skapar urettferdig konkurranse, seier Steensnæs.