Hopp til innhold

– Haugalandet bør snu seg til Stavanger

Direktøren i Haugesundregionens Næringsforeining meiner Haugalandet må snu seg bort frå Sunnhordland og heller opna armane til Stavanger-regionen.

Karmsund bro

Leiaren i Haugesundregionens Næringsforeining meiner Haugalandet må 'bygga fleire bruer' til Stavanger-regionen. På bildet ser du Karmsundbrua, som knyter saman Karmøy med fastlandsdelen av Karmøy og Haugesund.

"Farvel Sunnhordland – velkommen Stavanger!" Det er tittelen på leiarartikkelen i magasinet til Haugesundregionens Næringsforeining i dag.

– Rogfast vil gjera at Randaberg berre ligg ein halvtimes kjøretur frå Haugalandet. Den undersjøiske tunnelen vil knyta Stavanger-regionen mykje tettare med Haugalandet, seier direktør i næringsforeininga og forfattar av artikkelen, Egil Sævereide.

– Har godt av å snu oss

Han viser til den store arealmangelen i Stavanger-regionen, og meiner dette er noko Haugalandet kan hjelpa til med.

Petter Steen

Ordførar i Haugesund, Petter Steen jr.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Me har Vest-Norge sitt største industriområde på Gismarvik i Tysvær. Derfor meiner eg me har godt av å snu oss mot sørfylket. Stavanger sit på mykje kapital og kompetanse, den vil me gjerne ha investert i vår region, seier Sævereide.

«Rørande naivt»

Ordførar i Haugesund, Petter Steen jr., likar forslaget dårleg og kallar det «rørande naivt».

– Eg meiner dette fordi me er meir integrerte enn før mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dessutan har me veldig gode erfaringar med vårt eige politidistrikt og helseføretak. Eg trur me har mykje å tapa på å retta oss mot Stavanger, meiner han.

Får støtte frå Karmøy

Kjell Arvid Svendsen

Ordførar i Karmøy, Kjell Arvid Svendsen.

Foto: KrF, Olav Eggebø Aanonsen

Men Egil Sævereide får støtte frå ordføraren på Karmøy. Kjell Arvid Svendsen meiner utspelet frå direktøren i næringsforeininga er nødvendig.

– Eg trur både Karmøy, Tysvær og Bokn er einige om at me blir dregne mot Stavanger-regionen.

Svendsen meiner tida er inne for å sjå på kva samarbeid Haugalandet er best tent med og er ikkje i tvil om kva han sjølv meiner.

– Me har mykje betre og lettare kommunikasjon mot sørfylket. Når Stavanger manglar både nærings- og bustadområde, er det best for Haugalandet å venda nasen sørover.

Bør Haugalandet snu seg sørover mot Stavanger-regionen, eller heller knyta tettare band med Sunnhordland? Skriv kva du meiner!