Vi er veldig stolte av P3Live og alle dei unike musikkaugeblikka artistane skaper i studio hos oss. No er tida inne for å dele dei på ei scene - med publikum!
P3Live er eit godt etablert konsept for lyttarane våre, kor både kjende og kjære, men òg nye og framstormande artistar, viser fram musikken sin. Men, som alltid i P3Live, vil du i tillegg få høyre heilt ekslusive coverlåter.
Nate og Arian frå StudioP3 leiar deg gjennom kvelden og kan love god stemning, musikkaugeblikk du seint vil gløyme og nære møter med artistar du er glad i.
“Kven kjem?” lurar du sikkert på. Line up-en er hemmeleg. Den får du vite når du kjem på Parkteateret 1. mars.