OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Nye horisontar

Oppdatert 06.04.2001 12:24

KVARDAGSLIV

 

Sendedato 14.04.01 kl. 17.05

Nye horisontar

Publisert 29.12.2000 14:01 - Oppdatert 06.04.2001 12:24

I byrjinga av hundreåret er draumen om Amerika - og eit betre liv - sterk og levande. 800.00 nordmenn utvandra til Amerika. Mange reiser frå slitet på bygda til byane, for å få arbeid og utdanning. Mot slutten av hundreåret har meir enn to tredelar av befolkninga søkt til byane.

Flytting og nye horisontar er tama for det tredje programmet i dokumantarserien "Kvardagsliv". Vi får sjå unike filmklipp frå heile hundreårat og intervju med folk som fortel om korleis dei opplevde flyttinga.
Ein av tre nordmenn har i 1903 flytta frå bygd til by. Eller til Amerika. Kristiania er førstevalet blant byane, men også andre større byar får tilvekst frå distrikts-Noreg.

Industrien i vekst


I byrjinga av hundreåret var industrien i sterk vekst. Aldri før hadde så mange kvinner vore ute i lønna arbeid. Ungjenter få bygdene reiste inn til byane for å ta jobb som tenestejenter. Somme fekk ikkje arbeid fordi dei snakka nordnorsk. La dei om til austlandsk, var situasjonen ein annan.

Draumen om eigen gard og grunn


Den store utvandringa til Amerika tok slutt i 1923, grensene blei stengde. Men mange reiste til Canada. Draumen om å ha eigen gard og grunn var drivkrafta for dei fleste. Bureising og nydyrking fekk kraftig oppsving her i landet. Jæren var eit område som ble utbygd på denne tida.
Daniel Fredly

Den store flyttesjauen


Den store flyttesjauen frå bygd til by skaut fart etter andre verdskrigen. Det fekk store konsekvensar. På 25 år blei 70.000 mindre bruk lagt øyde, og 1200 bygdeskular blei lagde ned. I same tidsrom flytta ein million nordmenn til byane. Der var det fleire jobbar å få, og ungdomen reiste fra bygda for å skaffe seg høgare utdanning i byane. På slutten av 90-talet flyttar om lag 5000 til Oslo kvart år.
Heidi Bjørnerem
I austlandsområdet blei mange mannfolk pendlarar og køyrde pendelbuss kvar måndag morgon kl. 04.30 til Oslo for å bu på hybel og arbeide i storbyen heile veka.


Charter for dei mange


På slutten av 50-talet hadde vi betre råd, og solhungrige nordmenn kasta seg på charterbølga. Dei første tyrane gjekk til Mallorca, Costa Brava og den spanske solkysten. Oppvarma symjebasseng, ferske appelsinar og billige drikkevarer lokka nordmenn i hopetal til varmare strøk. Aldri før hadde nordmenn reist så mykje.


SE OGSÅ:
  • Historiske fakta Årstall og begivenheter
  • Heidi Bjørnerem Om å skaffe seg utdanning
  • Daniel Fredly Om nybrott


  •  
     
    SØK

    10 SISTE NYE HORISONTAR
    03.01.2001 16:17
    Heidi Bjørnerem
    03.01.2001 15:53
    Daniel Fredly
    29.12.2000 14:01
    Historiske fakta
    29.12.2000 14:01
    Nye horisontar

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 21:39