OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Eit nytt kvinneliv

Oppdatert 06.04.2001 11:08

KVARDAGSLIV

 

Biografier

Ingrid Bjerkås

Publisert 11.12.2000 15:12

Ingrid Bjerkås (1901-1980) var Noregs første kvinnelege prest.

Ingrid Bjerkås blei fødd i Kristiania i 1901. Ho tok examen artium 20 år gamal. Frå ho gifta seg i 1922 og til ho blei ordinert som prest i 1961, var ho husmor i Oslo.
Erfaringar frå krigen blei viktige for hennar kristelege interesse og tru. Etter ei tid som søndagskulelærar i etterkrigstida starta ho på dei teologiske studia vel femti år gamal.
Ingrid Bjerkås tok teologisk embetseksamen i Oslo i 1958, og praktisk-teologisk eksamen i 1960. Ho fekk ordinasjonsløyve av Kyrkjedepartementet 3.mars 1961 og blei ordinert av Hamar-biskopen Kristian Schjelderup same år.
Ordinasjonen utløyste jubel frå "liberale" teologiske krinsar, men skapte sterke reaksjonar frå konservativt kyrkjeleg hald.
Etter å ha søkt på fleire ledige stillingar fekk ho stilling som sokneprest på Senja. Her var ho fram til 1965. Seinare var ho prest ved Martine Hansens hospital i Bærum, til ho gjekk av med pensjon i 1971.

Kjelder: Norsk Biografisk Leksikon


 
 
SØK

10 SISTE EIT NYTT KVINNELIV
20.12.2000 17:01
Andre forteljingar
19.12.2000 09:22
Et nytt kvinneliv
14.12.2000 16:59
Historiske fakta
12.12.2000 08:59
Gro Harlem Brundtland
12.12.2000 08:59
Sonja Henie
11.12.2000 15:12
Ingrid Bjerkås
11.12.2000 15:12
Johan Castberg
11.12.2000 15:12
Katti Anker Møller

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 21:00